onsdag 22. februar 2012

Riving og fargeundersøkelser






Ole og Ivar har revet brystningspanelet helt ned til første etasje. De er nå i gang med å ta fargeprøver flere steder langs trappen, og det avdekkes malingslag fra ulike perioder i husets historie.

tirsdag 21. februar 2012

Første jobbedag i trappa!



I dag, 21.02. klokka 08:30 var målarane frå Martin Uggedal AS på plass for å starte arbeidet med trapperomet. Det første dei gjer er å fjerne brystningspanelet frå 80 - talet. Denne følger trapperomet frå inngangspartiet og heilt opp til tredje etasje. Under brystninga kan ein no sjå ei måla brystning, i ådringsteknikk. Seinare på dagen, når rivingsarbeidet er ferdig, vil målarane Ole Eriksen og Ivar Hegg ta fargeprøver for å finne historikken til målingslaga.

fredag 17. februar 2012

Trapperomsprosjektet - eit spennande formidlingsprosjekt


Som brennpunkt i den verna jugendstilbyen ønsker Jugendstilsenteret å rette fokus på arbeidet som ligg bak dei vakre fasadene og interiøra – og det som trengs for å ta vare på dei. Dei fleste slike restaureringsarbeid går føre seg i det stille. Publikum blir presentert for resultatet, men utan å ha blitt introdusert for det spennande og viktige arbeidet med å avdekke, vurdere og velge passande farge, målingstype eller materiale.

Dette prosjektet er for oss, og publikum, ein sjanse til å kome heilt inn på restaureringsprosessen. Det er vår oppgåve å fokusere på også denne delen av jugendstilen, og her har vi sjansen til å vise heilt konkret korleis dette skjer. Dette er spennande og lærerikt for alle våre 25 000 besøkande, i alle aldrar. Vi har sjølvsagt også eit heilt konkret ønske om å inspirere gårdeigarar i Ålesund til å ta vare på trapperoma sine.

Formidlinga av trapperomsprosjektet vil foregå på ulike måtar. Når dette er forsvarleg, ønsker vi å gjere roma der arbeidet foregår tilgjengelege for publikum. Då kan publikum sjølve sjå korleis målarane og snikkarane arbeider. Vi vil også arrangere omvisningar, enten vanlege besøkande eller spesielt inviterte grupper, der vi orienterer om det som skjer.

Det er handverkarane som veit mest om tidstypiske fargar, malingsteknikkar og material. Vi har kvart år ein foredragsserie om jugendstilrelaterte tema. I 2012 vil vi invitere dei utøvande handverkarane i prosjektet til å fortelje om ulike sider ved arbeidet.

I periodar vil ikkje trapperoma vere fysisk tilgjengelege for publikum. Vi har derfor oppretta denne bloggen der vi vil følge prosjektet nøye. Her vil vi legge ut foto frå dei ulike fasane i arbeidet og generell informasjon om teknikkar og måling. Vi vil også legge ut intervju med handverkarane. Målet er at dette skal verte ein kunnskapsbank som vi kan ta med oss vidare.