Vel, nesten i alle fall! No er trappa ferdig restaurert, veggene har fått tilbake sin originale farge, lysarmatur og handtak er tidsriktige og det er fint og nyvaska. Vi er særs godt nøgde med resultatet. Godt å få begynne å bruke det staselege trapperomet igjen - etter nokre månaders eksil i den noko grelle baktrappa.
Men det er klart - mykje vil ha meir. Vi har lyst til å gjere jobben hundre prosent, og då må også åttitalsflisene vekk! Prosjektet fortset når sommaren er over, turistane har reist frå Ålesund og vi forhåpentlegvis har finansieringa til steg to i orden.