
Detaljane må stemme, og denne gang er det dørvridarane sin tur. Dagens dørvridarar stammar frå forrige istandsetting på 80 - talet. Ikkje så verst eigentleg, men heilt tydeleg kopiar i forhold til det som har vore. Kva har vi å gå etter? Jau, vi har dei originale dørhandtaka i messing i første etasje, teikna av arkitekten sjølv. I tillegg har vi eit foto frå inngangsdøra til leiligheita i andre etasje, OG, til alt hell!, det originale handtaket ligg i samlinga! Vidare har vi spor etter tidlegare handtak og låsar - og eit knippe dørhandtak og dører frå andre samtidige bygg i Ålesund. (Sjå foto)
Etter ein del fram og tilbake har vi landa på å ta utgangspunkt i det som har vore i huset, sjølv om det må seiast at handtaket er meir sveitser enn jugend. Det får vi leve med. Sveitserstilen levde i alle fall i beste velgående ilag med jugendstilen. Det gamle handtaket til andre etasje vert pussa og sett inn igjen. Dei andre dørene i andre etasje får klinker som står i stil til dette, i tre og fornikla messing. I første etasje sett vi inn identiske klinker som i andre, men i messing. Dette gjer vi for å halde på tråden frå messingklinkene teikna av arkitekt Hagbart Schytte Berg. Klinkene kjøper vi forresten hos Molo.no som har eit godt utval frå alle stilepokar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar