onsdag 21. mars 2012

Grunning, ådring og litt øl

No kan ein begynne å ane korleis dei nye vindauga og dørene vil ta seg ut. Teamet frå Uggedal har lagt ein lys brun botnfarge av linolje på dører og vinduskarmar. Linoljen treng to døgn for å tørke, og dei legg to lag med botnfarge. På dei øvste vindauga er også sjølve ådringa i gang. Her vert ådringa utført med pensel, medan ein på brystning og dører bruke ein såkalla ådrikk. Alle fargar er tatt frå staden, og teknikken er den same som då huset vart bygd. Dersom ein har behov for å justere mønsteret undervegs brukar ein ei blanding av litt øl og pigment.

Grunnarbeid for å fjerne hol og slitasje.


Dørene får først ein lys brun botnfarge, funnen på staden. To strøk, og så kan ådringa starte.


Her kan vi sjå sjølve ådringa inst i vindauget.

Dører og karmar har gjennomlevd mange låsekasser, klinker og anna som lagar spor i treverket. Bjørn Henriksen jobbar no med å kitte alle gamle sprekker og hol. Kittet er laga av linolje og kritt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar